Kvifor får ikkje ungdom i ytre bydel same tilbod som andre?
Arbeiderpartiet vedtok og og fekk gjennomført idrettshallen på Kolvikbakken, Emblem, Spjelkavik Arena og Osane, og det har ført til at Ålesund har god halldekning i heile kommunen. Men vi stopper ikkje der og det vil Ålesund Arbeiderparti gjere noko med.
Ungdom treng òg andre alternativ. «Tobias»frå Skodje, «Nora» frå Sandøy, «Thea» frå Ørskog og «Mathias» frå Spjelkavika har eit slikt tilbod i sitt nærmiljø gjennom kommunale fritidsklubbar. Det mest kjente er «Kaoskollektivet» på Moa som gjekk heilt til topps i kåringa av årets fritidsklubb i 2025.
Men kva med «Lise» frå Hessa, «Lucas» frå Skarbøvika og «Lea» frå Aspøya? Kaoskollektivet på Moa er ope kvar fredag og laurdag ettermiddag til klokka 2300. Skal ungdomane frå ytre bydel heller traske gatelangs? Det er heller ikkje så lett å ta buss for Frp og Høgre på fylket har valt å kutte i bussrutene på kveldstid. Det rammar ungdom som verken har førarkort eller vaksne som kan køyre dei
Arbeidarpartiet foreslo difor i sitt budsjett å opne ein ungdomsklubb i ytre bydel, slik at også denne delen av kommunen får tilgang til trygge møteplassar med vaksne til stades. Kostnaden er 600 000 kroner i 2026, og kommunen har attpåtil ledige lokale. Forslaget fekk dessverre ikkje støtte frå Frp, Høgre eller Ålesundslista.
Tenk på det neste gong de ser ungdom på Hessa, Skatbøvika og Aspøya som vandar gatelangs ein fredagskveld utan noko å gjere. Dei nye idrettshallane er heller ikkje opne og aktiviteten er drifta av foreldre, og dei bruker som alle andre fredagskvelden til fredagstaco.
Arbeidarpartiet satsar på ungdomen og meiner 600 000 kroner er ein låg pris for å førebygge utanforskap i ytre bydel. Dessverre deler ikkje dagens fleirtal den oppfatninga.
Geir Ove Leite
Kommunestyremedlem Ålesund Arbeiderparti og leiar Ålesund Arbeiderparti



