RÅ24
4 minutter lesetid

Når lommeboka avgjer om hunden får leve

Store prisforskjellar på veterinærtenester og forsikringar gjer at dyr kan lide, medan eigarar må velje mellom økonomi og ansvar.

‘Det er noko grunnleggjande urettferdig i at prisen for å ta vare på kjæledyret ditt kan variere med fleire tusen kroner – berre avhengig av kva veterinær du går til, eller kva by du bur i. Mange dyreeigarar trur at veterinærtenester er standardiserte, men røyndomen er ein annan: prisane kan svinge dramatisk, og konsekvensen er at dyr ikkje får den hjelpa dei treng.

Fire mil mellom liv og daud

NRK har fortalt historia om hunden Bella, der eigarane fekk eit kostnadsoverslag på 80.000 kroner for ein akutt operasjon ved eit stort dyresjukehus i Oslo. Ved å reise til ein mindre klinikk i Fetsund sparte familien titusenvis av kroner – og redda livet til hunden. TV 2 har på si side vist korleis ein hundeeigar sparte fleire tusen kroner ved å køyre fire mil til ein annan klinikk, sjølv med leigebil, fordi prisforskjellen var så enorm.

Ein ny svensk-norsk studie frå Sveriges lantbruksuniversitet (SLU) dokumenterer at store kjeder som Anicura og Evidensia systematisk tek høgare prisar enn uavhengige klinikkar, og at prisane stig raskare hos kjedene. Uavhengige veterinærar har sjølv gått ut i NRK og sagt at forklaringane frå kjedene ikkje held mål, og at prisnivået er blitt respektlaust.

Forsikringane som ikkje alltid tryggar

Det er ikkje berre veterinærprisane som varierer. Også forsikringsmarknaden for kjæledyr er eit villnis. Forsikringsguiden og Forbrukerguiden har dokumentert at forskjellane i pris og dekningsgrad er store – nokre selskap tilbyr brei dekning, andre har snevre vilkår, og prisen kan vere like uforutsigbar som veterinærrekninga. Mange eigarar oppdagar først når uhellet er ute at forsikringa deira ikkje dekkjer det dei trudde.

Vi treng eit prisbarometer for dyrevelferd

Riksavisene har i årevis laga matbørsar som viser kor billig bacon er i Sverige kontra Noreg. Vi veit til kvar tid kva det kostar å fylle handlekorga med flesk og brød. Men vi veit ikkje kva det kostar å redde livet til hunden vår. Er det verkeleg slik vi vil prioritere? At kjæledyra våre skal stå bak i køen, medan vi får detaljert oversikt over prisen på billigast bacon?

Saken fortsetter etter annonsen

Eg meiner vi treng eit tilsvarande søkelys på veterinærtenester og forsikringar. Vi treng openheit, gjennomsikt og samanlikning – ikkje for å presse ned prisar på ein urettvis måte, men for å sikre at eigarar kan ta informerte val og at dyr ikkje vert ståande utan hjelp.

Kjæledyra våre er ikkje luksusartiklar. Dei er familie, dei er liv som er avhengige av oss. Når vi vel å ha dyr, tek vi på oss eit ansvar. Men ansvaret må vere mogleg å gjennomføre. Det kan ikkje vere slik at ein hund får behandling i ein by, men ikkje i ein annan, berre fordi prisen er ulik. Det kan ikkje vere slik at forsikringa som skulle vere tryggleiken, viser seg å vere eit tomt løfte.

Vi må løfte blikket. Vi må krevje openheit. Og vi må slå fast at dyrevelferd er viktigare enn kvar du kan kjøpe det billigaste flesket.