Ålesund får betale Molde sin bypakke!
Våkner ikkje Sunnmøre, Ålesund og resten av fylket snart, står vi igjen med ein ny NTP i 2028 ribba for samferdselsprosjekt, med Møreaksen som fortsetter å ete opp alt av samferdselskroner her i fylket. Det skriv Frank Sve i dette lesarinnlegget.
Folk mista livet eller blir hardt skadd i trafikken på ei av Norges farligaste vegstrekninger: E-39 Solevågseidet-Blindheim, til Moa i Ålesund.
– Men, AP, SP og Monica Molvær i Høgre, prioriterer å fortsette å sløse vekk millionar av kroner på Møreaksen. Dei planlegg no del 1 i gigantprosjektet, med tunell bak Molde til fleirfoldige milliard. Sannsynleg mellom 10-15 milliarder kroner.
Ferjekaia i Molde har dei tenkt å flytte ut på Julsundet. Bruke minst ein ny milliard der til ny ferjekai, slik at alle på Sunnmøre, alle i Ålesund og på Nordmøre skal få gleda av å betale Molde sin eigen bypakke.
Ingen som bur i sjølve Molde kjem til å betale ei krone av sin eigen bypakke eller bytunell.
Frå før har regjeringa sløsa vekk over 500 millioner kroner på Møreaksen. Sjølv om prosjektet er heilt ute av NTP sin 12 års periode, skal altså samferdselsministeren be Statens vegvesen sløse vekk enda fleire millionar.
Ålesund og resten av fylket får lide, ikkje ei krone bruker AP, SP eller Monica Molvær og Høgre til «dødsvegen» og dei trafikkfarlige vegane. Berre Møreaksen får fortsette å sløse vekk millionar av kroner.
Målet om å ta ned hardt skadde og drepte i trafikken betyr null og nikks i praksis for AP, SP, og Høgre. Jon Ivar Nygård som samferdselsminister sviktar totalt.
Monica Molvær, som er får Ålesund, og Høgre, har hatt eit spørsmål til samferdselsministeren, og det var angående Molde og Møreaksen. Gratulerer!
Høgre har tydeligvis lagt ned sitt arbeide i Ålesund og fortsetter å bli styrt frå Molde, av Dahl òg ordføraren der.
FrP står som vanlig stort sett aleine igjen her i fylket politisk for å kjempe for dei viktige vegane, slik som E-39 Solevågseidet- Moa, Eksportvegane E-136 Ålesund til Bjorli, RV 70 frå Kristiansund og ut av fylket, RV 15 Strynefjellet og andre klare prosjekt slik som Voldatunellen og E-39 forbi Batnfjorden, for ikkje å gløyme Stad skipstunnelen.
SMP har heldigvis våkna opp av dvalen, med ein god leiar laurdag 7/3, og det var jaggu på tide.
Våkner ikkje Sunnmøre, Ålesund og resten av fylket snart, står vi igjen med ein ny NTP i 2028 ribba for samferdselsprosjekt, med Møreaksen som fortsetter å ete opp alt av samferdselskroner her i fylket.


