Ålesund på full fart til å bli lurt igjen
Monica Molvær og Høgre, kjemper for Molde by og Møreaksen. Stemmer mot Ålesund sine prosjekt, slik som E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa, og PCI senter til Ålesund. Det skriver Frank Sve i dette leserinnlegget.
No skal liksom samferdselspolitikken her i fylket i tillegg styrast frå Bergen, for å sikre at begge fylka skroter alt anna og sikrar prioriteringar for Hordfast og Møreaksen. Der fortsatt alt av samferdselsmidler her i fylket skal til Molde og Møreaksen.
Frå før har absolutt kvar ei krone dei 10-15 siste åra til planlegging blitt brukt på Møreaksen, sjølv om E-136 Eksportvegen frå Ålesund til Bjorli har stått som nr 1. Likeså E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa, samt RV 15 Strynefjellet, stod på topp. Møreaksen, langt ned på lista.
NTP er slik at prosjekt som ikkje er planlagt, ikkje kjem med i det som i realiteten er NTP – dvs dei seks fyrste åra i planen. Dette får Statens vegvesen galant hindra ved å fjerne planleggingsmidler og ressurser vekk frå alle prosjekta som politikarane her i fylket får prioritert, og sendt dei til Molde og Møreaksen.
No har tydeligvis Høgre i lag med ein eller anna greinaløyse av ein «tenketank» i Bergen, sett igang eit arbeid som igjen vil føre til null kroner til Møre og Romsdal og null til Ålesund og Sunnmøre – ved å kun satse på ferjefri E-39 og Møreaksen.
Monica Molvær køyrer på i Stortinget og kjemper for Molde-prosjekta utan ein tanke for sin eigen by, Ålesund. Der Torgeir Dahl fortsatt styrer Høgre her i fylket, ser det ut til.
Kvar er Høgre i Ålesund og på Sunnmøre blitt av?
Realiteten framover er at desse gigantprosjektet er milevis frå realisme økonomisk til å kunne byggjast, rett og slett fordi forsvaret kjem til å gjere store innhogg i statsbudsjettet framover. Derfor er det mindre og økonomisk realistiske prosjekt som kan prioriterast.
Vår viktigaste veg i området er «dødsvegen nr 2» her i landet: E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa, som faktisk både har størst trafikk og dessverre ekstremt mange alvorlige ulykker og dødsulykker.
– Ulykkesfritt viktigare no enn ferjefritt.
I tillegg er vår Eksportvegar slik som E-136 Ålesund til Bjorli samt RV15 Strynefjellet, heilt avgjerande for oss. Dette er vegar denne såkalla «rakettforsvaret» i den sjølvoppnevnte «tenketanken» åpenbart jobbar for å skrote til fordel for Hordfast og Møreaksen til ein samla sum over 100 milliard kroner.
I tillegg har vi sjølvsagt både Voldatunellen som må byggast, Stad skipstunnel, Langfjordkryssinga og RV70. Alle viktige eksportvegar for vårt fylke.
No må faktisk politikarane på Stortinget frå vårt fylke stå bak sine valgløfter, der ALLE skulle prioritere E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa.
Når sak angående dette frå meg og Sylvi kom til behandling i Stortinget for to veker sidan, stemmer kun Harry Valderhaug for dette. Både Monica Molvær og resten av Høgre stemmer imot, men istaden no altså kjempa på nytt for Møreaksen og Molde Høgre.


