RÅ24
3 minutter lesetid

Barn og unge fortener betre

For Arbeiderpartiet er satsing på frivillige lag og organisasjonar innan idrett og kultur eit viktig satsingsområde.

På grunn av den økonomiske situasjonen i Ålesund kommune er det lite sannsynleg at kommunen kan gå inn med direkte støtte til anlegg og kulturbygg for barn og unge.

Under valkampen deltok dei fleste parti i Ålesund på ein debatt om finansiering av nye dekke på kunstgrasbaner som følge av nye miljøkrav. Alle partia var einige om at kommunen burde bidra, for eksempel forskottering av tippemidlar og/eller kommunal lånegaranti. Dette er særleg viktig i Ålesund, fordi dei fleste kunstgrasbanene er eigd av klubbane. Til samanlikning er dei fleste banene i Oslo kommunale. Det er på tide at partia held det dei lovde i valkampen.

På bakgrunn av dette har Arbeiderpartiet stilt spørsmål til ordføraren om der er lag som har kommunal garanti slik at laga kan få rimelege lån. I dag har lag ei rente på opp til 9%, og denne kostanden er det barnefamiliane i Ålesund som må betale i form av høgare avgifter. Svarer er at berre to lag har kommunal garanti.

Kva skuldast dette? For dårleg informasjon, eller stiller kommunen for strenge krav? Trur verkeleg kommunen at dei lokale klubbane ikkje vil betale låna sine og skyve ansvaret over på kommunen? Problemet er nok først og fremst for strenge reglar

Saken fortsetter etter annonsen

Arbeiderpartiet stilte difor følgjande forslag i kommunestyret 5. februar «Kommunestyret ber om ei sak der kommunale garantiar og retningslinjer blir oppdatert slik at lag og organisasjonar kan få betre lånevilkår» Dette fekk støtte frå eit stort fleirtal i kommunestyret og kun Frp og eit mindretal i Høgre stemte mot.

Kva mindretalet er redd for må dei svare for sjølv. Er dei redde for at kommunen må overta låna? Då kjenner dei ikkje dei frivillige laga og organisasjonane i Ålesund. Eg har stor tru på at når saka kjem opp igjen i blir det vedteke at kommunen skal gi betre lånevilkår for lag og organisasjonar i Ålesund. Det har partia lovd og det fortener barn og unge i Ålesund.