Listhaug slår inn opne dører med FrPs «nye» utanrikslinje
Med brask og bram lanserte Sylvi Listhaug Fremskrittspartiet si nye utanrikspolitiske linje på Nordkapp førre veke. Resultatet vart eit utspel som i liten grad tek inn over seg kor omfattande satsinga på nordområda, forsvaret og våre alliansar allereie har vore dei siste åra.
Øvst på prioriteringslista står ønsket om større nærvær i nordområda og på Svalbard. Listhaug ønskjer mellom anna å vurdere ny gruvedrift på Svalbard for å styrkje norsk nærvær. Ettersom dei eksisterande kolgruvene i praksis er tømde eller ulønsame, vil dette i innebere betydelege statlege subsidiar dersom slik drift skal takast opp att.
Svalbard, og ikkje minst Ny-Ålesund, har dei siste tiåra utvikla seg til å bli ein av verdas viktigaste forskingsbasar i Arktis. Her har fleire av våre næraste allierte eit omfattande og langsiktig nærvær. Dette er i seg sjølv eit viktig bidrag til å understøtte norsk suverenitet i øygruppa og dei omliggande havområda.
Det er òg vanskeleg å forstå påstanden om at Noreg ikkje satsar tilstrekkeleg på nordområda når vi dei siste åra har gjennomført ei historisk styrking av forsvarsevna i nord.
Ei historisk styrking
Kystvakta har fått tre nye fartøy i Jan Mayen-klassen til over sju milliardar kroner. Noreg har anskaffa fem nye P-8 Poseidon-overvakingsfly til rundt 11 milliardar kroner, blant NATOs viktigaste verktøy for overvaking av dei enorme havområda i nord. Vi har bestilt seks nye 212CD-ubåtar til nærmare 100 milliardar kroner og investert rundt 90 milliardar i 52 F-35 kampfly.
I tillegg skal Noreg anskaffe fem nye fregattar med betydeleg kapasitet for ubåtjakt og kontroll av nordområda. Til saman representerer desse investeringane fleire hundre milliardar kroner i auka norsk nærvær og forsvarsevne i Arktis.
Desse investeringane har ikkje kome av seg sjølve. Dei er resultatet av langsiktige prioriteringar og breie stortingsfleirtal gjennom fleire år. Venstre har vore ein del av desse fleirtala og har støtta styrkinga av norsk forsvarsevne, satsinga på nordområda og det tettare samarbeidet med våre allierte.

Sterkare alliansar
Denne opprustinga i nordområda skjer heller ikkje åleine. Canada har vedteke å anskaffe opptil 16 P-8 Poseidon-fly av same type som Noreg, samstundes som landet vurderer å kjøpe opptil 12 ubåtar av same klasse som dei norsk-tyske 212CD-båtane. Storbritannia har kjøpt ni Poseidon-fly og byggjer opp si maritime slagkraft med sju nye Type 26-fregattar, medan Canada planlegg opptil 15 fartøy av same type. Når Noreg no skal anskaffe fem nye fregattar, vil desse tre landa operere store flåtar av svært like militære kapasitetar i Nord-Atlanteren og Arktis.
Storbritannia og Canada er våre næraste allierte i Arktis. Saman med USA, Frankrike og Tyskland opererer dei jamleg med fly, ubåtar og marinefartøy i våre nærområde.
Samstundes har Finland og Sverige blitt medlemmar av NATO. Den nordiske
forsvarsintegrasjonen gir oss tilgang til ein samla militær styrke på rundt 250 moderne kampfly, betydelege sjøstridskrefter og nokre av verdas mest kompetente avdelingar for operasjonar i arktiske område. Norden er blitt ein militær stormakt. Dei siste åra har Noreg òg inngått ei rekkje nye forsvars- og samarbeidsavtalar med våre næraste allierte. Forsvarssamarbeidet med USA er styrkt betydeleg, samstundes som samarbeidet med Storbritannia, Tyskland, Canada og dei andre nordiske landa er blitt tettare og meir omfattande.
Gjennom NATO, Joint Expeditionary Force (JEF), det nordiske forsvarssamarbeidet og ei rekkje bilaterale avtalar er Noreg i dag tettare integrert med sine allierte enn på noko tidspunkt sidan den kalde krigen.
Når Listhaug etterlyser sterkare alliansar og større nærvær i nord, er det difor naturleg å spørje kva konkrete manglar ho meiner eksisterer? Noreg har dei siste åra investert tungt i forsvarsevne, overvaking og internasjonalt samarbeid nettopp i nordområda.
Utanrikstenesta arbeider for eksport
Vidare ønskjer Listhaug at utanrikstenesta i større grad skal fremje norske næringsinteresser og støtte eksport og verdiskaping. Men dette er allereie ein sentral del av arbeidet til utanrikstenesta, i samarbeid med næringslivsorganisasjonar og eksportretta verksemder.
Sidan 2019 har utanrikstenesta vore gjennom ei omfattande omstilling. Om lag 600 norske tilsette tenestegjer til ei kvar tid ved rundt 90 utanriksstasjonar verda over. Med så avgrensa ressursar er det vanskeleg å sjå korleis ei vesentleg styrking av eksportarbeidet kan gjennomførast utan auka budsjett og fleire tilsette.
Ei slik omprioritering skal kome på kostnad av Noregs rolle som fredsmeklar, ifølge Listhaug. Vi har gjennom fleire tiår har bygd opp ei internasjonal rolle innan fredsdiplomati, konfliktløysing og dialogarbeid. Sjølv om dette berre utgjer ein liten del av norsk utanrikspolitikk, er det vanskeleg å argumentere for at fredsarbeid skal nedprioriterast i ei stadig meir uroleg verd.
Bistand meir enn symbolpolitikk
Som vanleg tek Framstegspartiet til orde for å redusere bistandsbudsjettet. Men då partiet sat i regjering, valde dei likevel å vidareføre målet om bistand tilsvarande éin prosent av bruttonasjonalinntekta.
Norsk bistand utgjorde i fjor nær 59 milliardar kroner. Det er verdt å merke seg at ein betydeleg del av desse midlane ikkje går til bistandsprosjekt ute i verda. Om lag 10–12 prosent blir brukt i Noreg til flyktningrelaterte utgifter og administrasjon, medan Ukraina mottok den største enkeltandelen av den internasjonale bistanden, 11 milliardar.
Norsk bistand er i hovudsak retta mot humanitære kriser, helse, utdanning,
fattigdomsbekjemping og støtte til demokrati og fridom. Når utgifter til flyktningar i Noreg og støtta til Ukraina blir trekte frå, er det langt mindre pengar igjen til andre bistandsformål enn mange førestiller seg.
Sjølv om Noreg er blant verdas mest generøse bistandsgivarar målt per innbyggjar er det samla bistandsbudsjettet vårt framleis beskjedent samanlikna med dei største givarlanda som USA, Tyskland, Storbritannia, Frankrike og Japan.
Det betyr ikkje at bistanden ikkje bør diskuterast eller evaluerast kritisk. Men når debatten blir redusert til storleiken på bistandsbudsjettet åleine, overser ein ofte kva pengane faktisk blir brukte til. Eg meiner dessutan at det finst andre område i offentleg sektor som i langt større grad treng reformer og effektivisering enn bistanden.
Ny kurs som allereie er sett
Mykje av det som i dag styrkjer Noregs politikk i nord, er resultatet av langsiktig arbeid på tvers av partigrenser. Det gjeld òg Venstre sine bidrag til å byggje opp forsvarsevna, styrkje NATO-samarbeidet og støtte våre allierte i møte med eit meir uforutsigbart tryggingspolitisk landskap.
Problemet med Listhaugs utspel er ikkje at måla er feil. Problemet er at mykje av det ho etterlyser allereie er gjennomført eller godt i gang. Noreg har investert hundrevis av milliardar i forsvarsevna i nord, styrkt samarbeidet med våre næraste allierte og knytt Norden tettare saman militært enn nokon gong tidlegare. Det er vanskeleg å sjå dette som ein ny kurs når kursen allereie er sett.
Forfattaren er tidlegare utanrikskorrespondent og underdirektør i FN. Gjennom meir enn to tiår har han arbeidd med internasjonale spørsmål. I FN hadde han oppdrag knytte til flyktningar og asylsøkjarar, menneskehandel, gjenoppbygginga av Irak og seinast integrering av ukrainske flyktningar i Aust-Europa.

