RÅ24
3 minutter lesetid

Reagerer kraftig på at klinikksjefen må trekke seg

Onsdag ble det kjent at klinikksjef ved Ålesund Sjukehus, Elisabeth Siebke, går av som følge av sparekuttene hun ble satt til å gjennomføre. Systemet svikter når klinikksjefen må gå, heter det i en uttalelse fra et samlet årsmøte i Fagforbundet Helse Sunnmøre:

Elisabeth Siebke. Foto: Helse Møre og Romsdal / Kristin Støylen

Årsmøtet 28.01.2026 i Fagforbundet Helse Sunnmøre, reagerer kraftig på at klinikksjefen ved Ålesund sjukehus må trekke seg som følgje av budsjettkrav ho meiner er umogleg å gjennomføre innenfor fagleg forsvarlege rammer. Dette er ikkje eit vanleg leiarbyte, men eit alvorleg varsel om at dagens økonomiske rammer gjer forsvarleg drift umogleg i Helse Møre og Romsdal.

Når ein erfaren leiar med høg fagleg integritet ikkje lenger kan stå inne for drifta, er det ikkje personen som sviktar. Det er systemet som kollapsar rundt henne. Handlingsrommet er så trongt at det ikkje lenger er mogleg å kombinere leiaransvar med fagleg og etisk forsvarlegheit.

Tilsette og leiarar har lenge stått i ein uhaldbar situasjon. Tillitsvalde, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legar har varsla om at rammene ikkje lenger gjer trygg pasientbehandling mogleg. Alarmen burde ha gått for lenge sidan.

Dette er ikkje eit lokalt problem. Det er resultatet av ein nasjonal helsepolitikk som har pressa sjukehusa inn i ei økonomisk tvangstrøye. Regjeringa snakkar om satsing på helse, men leverer budsjett som gjer det umogleg å oppretthalde dagens tilbod. Når ein klinikksjef seier at rammene er uforsvarlege, er det eit direkte signal til helseministeren og Stortinget.

Saken fortsetter etter annonsen

Årsmøtet i Fagforbundet Helse Sunnmøre krev:

  • Umiddelbar styrking av sjukehusøkonomien
  • At pasientsikkerheit og faglege vurderingar blir prioriterte framfor kutt
  • Reell involvering av tilsette og tillitsvalde i alle prosessar

Å miste dyktige leiarar er ikkje berre eit tap for Ålesund sjukehus og Helse Møre og Romsdal HF, men også ei kraftig åtvaring. Dersom leiarar med solid erfaring og integritet ikkje lenger kan stå inne for drifta, er det ikkje menneska som må bytast ut. Det er systemet som må endrast.

Pasientane fortener betre. Tilsette fortener betre. Og helsetenesta i Møre og Romsdal kan ikkje byggjast på lojalitet aleine – ho må byggjast på rammer som gjer forsvarleg drift mogleg.

Årsmøtet står samla bak denne uttalen.