Kommunane treng kompetanse – ikkje fridom til å kutte den bort
Regjeringa foreslår no å fjerne kompetansekrava i helse- og omsorgstenestelova.
I dag er kommunane pålagde å ha knytt til seg ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar, jordmor, helsesjukepleiar, psykolog og lege. Regjeringa kallar det å fjerne kompetansekrava for «auka fridom for kommunane».
Men kommunane har allereie stor fridom. Krava seier ikkje kor mange fagpersonar ein kommune må ha, berre at kompetansen skal vere tilgjengeleg. Difor handlar dette eigentleg om noko heilt anna: å gi kommunane høve til å velje bort viktige faggrupper. Det er eit uansvarleg forslag.
Kommunane treng brei fagkompetanse
Kvar einaste kommune må ha tilgang til desse profesjonane for å kunne møte behova til innbyggjarane. Kommunane har fått større ansvar for rehabilitering, psykisk helse, førebygging og oppfølging av barn, unge, vaksne og eldre med samansette behov. Då kan vi ikkje samstundes svekkje det faglege grunnlaget tenestene byggjer på.
Kompetansekrava handlar òg om tryggleik. Dei sikrar pasientsikkerheit, kvalitet og beredskap – både i kvardagen og i møte med kriser eller krig. Når presset på tenestene aukar, treng vi meir fagkunnskap, ikkje mindre.
Risiko for større forskjellar
Forslaget vil kunne føre til større forskjellar mellom kommunane. Nokre vil prioritere fagkompetanse, medan andre kan bli freista til å spare pengar på kort sikt.
Resultatet kan bli dårlegare helsetenester, større belastning på spesialisthelsetenesta og eit meir todelt helsevesen der dei som har råd kjøper hjelp privat. Det vil først og fremst ramme dei som treng kommunane mest.
Ergoterapi løner seg
For oss i Norsk Ergoterapeutforbund er det særleg viktig å peike på verdien av ergoterapi i kommunane. Mange tenkjer framleis på ergoterapi som «eit ekstra tilbod», men analysane frå Agenda Kaupang viser det motsette: Ergoterapi er lønsamt – både menneskeleg og økonomisk. Rapporten konkluderer med at tidleg, målretta og kortvarig innsats kan redusere eller utsetje behovet for meir omfattande tenester, og at sjølv små investeringar i ergoterapi ofte gir store innsparingar over tid.
Agenda Kaupang peikar òg på at reaktive tenester – der hjelpa kjem seint – fører til høgare kostnader og større behov for personellkrevjande tenester. Tidleg innsats gir derimot betre livskvalitet, meir sjølvstende og meir berekraftige helse- og omsorgstenester.
Meistring i kvardagen
Ergoterapeutar bidreg til at menneske kan meistre kvardagsaktivitetar sjølve, framfor at andre må gjere dei for dei. Det handlar om å tilretteleggje bustad, trene på aktivitetar og finne løysingar som gjer at folk kan klare seg lengst mogleg i eigen kvardag. Når fleire meistrar meir sjølve, reduserer det behovet for omfattande helse- og omsorgstenester seinare.
Kompetansekrava verkar
Og kompetansekrava verkar faktisk. Før lovkravet om ergoterapeut vart innført, mangla 101 kommunar ergoterapeut. No er talet langt lågare, og fleire kommunar samarbeider om tenesta. Kravet har òg ført til ein stor auke i talet på ergoterapeutar i kommunane. Når nær 50 brukarorganisasjonar går samla imot forslaget, bør regjeringa lytte.
Eit val for framtida
Spørsmålet er eigentleg ganske enkelt: Vil vi bu i kommunar der tilgang på fagkompetanse er sjølvsagt – eller i kommunar der det er valfritt?


